Eg er i utgangspunktet ingen stor tilhengar av kveiteøl, men når Kinn har noko nytt på marknaden lyt eg sjølvsagd testa det. Ølet er disig og gulfarga på let. Dette toppas av eit uskudkskvitt tett og fint skum. Duft av overmoden frukt, blomstrar, grass og frisk never (bjørkebark). På smak er ølet fruktig med tydelig innslag av korn. Neveren er fortsatt til stades, men held seg no litt meir i bakgrunnen. Det samme gjeld for graset. Ettersmaken er spinn rundt dei same smakane som i hovudsmaken, men det har kome til ein epleaktig bitterheit. Vi snakkar då om epler frå surapalen, men ikkje heilt nyplukka. Som forventa var ikkje dette heilt min tekopp, men eg er overtydd om at den vil fungera glimrande til et måltid kvit fisk.
KARAKTERER:
Øyne: 5
Nese: 4
Kropp: 4
Munn: 5
Total: 4,4
FAKTA:
Produsent: Kinn
Nasjonalitet: Norsk
Kjøpt: ICA
Maaseskjeret
ABV: 4,7 %
Volum: 0,75 l
Pris: 81,90
Literpris: 109,20
12-34-421
Eg skjønar ikkje heilt kvifor, men dette vart av ein eller annen grunn skrive på nynorsk.